Arbeid og metode
Resistans er ei uavhengig, frivillig rørsle som jobbar for rettferd, openheit og rettssikkerheit. Vi står opp mot maktmisbruk, dokumenterer systemfeil, og løftar dei røystene som ofte blir oversett.
Vi veit at mange opplever urett – og vi veit kor vanskeleg det kan vere å bli høyrt. Difor tek vi imot historier og erfaringar frå enkeltpersonar. Men vi er ikkje ein hjelpeteneste. Vi er eit fellesskap som avslører, bygger innsikt – og stiller makta til ansvar.
Dette kan vi tilby
Send inn di historie
Vi tek imot personlege erfaringar og dokumentasjon som peikar på maktmisbruk eller systemsvikt.
Vurdering for vidare bruk
Med samtykke kan vi bruke historier i dokumentasjon, kampanjar, artiklar eller analysar.
Folkemøte og arrangement
Digitale og fysiske møteplassar for deling, lytting og fellesskap.
Analyse og opplysing
Vi granskar dokument og vedtak, og formidlar innsikt på ein måte folk forstår.
Samfunnskritisk plattform
Ein arena for deg som vil forstå meir – og påverke meir.
Korleis vi brukar innsendte saker
Vi samlar ikkje berre historier – vi brukar dei til å forstå og dokumentere systemsvikt.
Når vi ser mønster, kan vi t.d.:
-
lage temarapportar (t.d. 50 saker om eigedom)
-
bygge saksgalleri som løftar fram folkets røyster
-
dokumentere strukturfeil og politiske konsekvensar
-
bruke erfaringar som grunnlag for kampanjar, innlegg og krav
Dette skjer alltid med samtykke og på ein måte som vernar dei det gjeld.